Helsing frå det nye styret!

Ferien er over og vi starta arbeidet i styret med eit seminar over to dagar i Oslo. Under seminaret har vi diskutert vegen vidare og lagt planar både på kort og lang sikt. I dette arbeidet har innspela dykkar frå årsmøtet vore viktige for å avgjera retninga framover. 

Bokprosjektet som vart godt mottatt på årsmøtet er noko vi vil prioritera framover og vil fylgjeleg ta opp mykje av tida vår dei neste åra. I løpet av hausten vil det koma ein invitasjon til å senda inn abstract til antologien, og vi tar sikte på ein nettverkskonferanse med boklansering i 2024. Utarbeiding av boka er av stor tyding for nettverket og noko vi gledar oss veldig til. Heile styret vil i større og mindre grad vera involvert i ulike delar av prosessen.

Vi fortset med temaseminara våre både for fagleg påfyll og som ei anledning til å møta kvarandre på tvers av institusjonar. Fyrste anledning vert seminaret om førstelektoropprykk 14.september kl.14-15.30. I tillegg vert det eit samarbeidsmøte om modular på ped. basis som vert arrangert 27.september som vi òg vonar kan generera samarbeid og utvikling av nettverk. Vi ynskjer òg innspel frå medlemmene i nettverket, så ta gjerne kontakt med idear og forslag til temaseminar og korleis vi kan gjera UH-ped-kompetansen synleg i større grad.

På årsmøtet kom det innspel om alternative publiseringskanalar for til dømes praksisrapportar og vi har difor bestemt oss for å setta ned ei arbeidsgruppe som skal sjå nærare på dette. Vi ynskjer deltaking frå nettverket i arbeidsgruppa og nærare informasjon vil koma etter kvart. Vi har bestemt oss for å nytta stimuleringsmidlar til blant anna ei slik arbeidsgruppe i staden for å ha ein open søknad. På den måten sikrar vi oss at stimuleringsmidlane vert nytta til å løysa nokre av utfordringane nettverket løfta på årsmøtet. Vi ser for oss at arbeidsgruppa rapporterer frå prosessen på årsmøtet i 2023.

I løpet av året vil uhped-skolen/utviklingsprogrammet bli evaluert, og årsmøtet vil få anledning til å ta stilling til dette i 2023.

Vidare ynskjer vi å fortsetja å vera synlege i den offentlege debatten, noko vi starta med i Khrono før sommaren. Lenkje: https://khrono.no/spenninger-nyanser-og-mangfold-i-universitets-og-hogskolepedagogikk/699862.

Nettsida er vår primære informasjonskanal ut til nettverket, så tips gjerne kollegaer om å abonnere på nettsida vår via e-post. Til slutt ynskjer vi dykk ein god oppstart av eit nytt semester!

Mvh,

Styret.

Frå venstre: Anna Mavroudi, Inger Carin Erikson, Robert Isaksen, Leila Ferguson, Patric Wallin, Odd Rune Stalheim, Dag Husebø