Jolahelsing frå styret

Photo by Candis Hidalgo on Pexels.com

I haust har styret hatt møte ein gong i månaden med varierte oppgåver. Nokre av oppgåvene dreiar seg om oppfylging og drift av ulike tiltak retta mot sektoren. Andre områder vi har vore interessert i er å få i gang ulike aktivitetar som kan skapa engasjement og auka samhold og nettverk blant UH-pedagogar. Vi vil her trekka fram temaseminaret vårt om organisatoriske faktorar knytt til utdanningsverksemda i sektoren som mange møtte fram på. Interessa for slike møtepunkt verkar å vera stor, så dette er noko vi vil fortsetja med i det nye året. Vil vil samstundes be dykk om å halda av 25.april som er datoen vi har satt for årsmøtet 2022.

På tampen av året vil vi takka medlemane for engasjementet og arbeidet de legg ned i UH-pedagogikken og ynskja dykk alle ei riktig god jul og godt nyttår. Vonar de får nokre fine rolege dagar med gode opplevingar og at de held dykk friske.

Mvh, Patric Wallin, Inger Carin Erikson, Dag Husebø, Hege Hermansen, Robert Isaksen, Leila Ferguson og Odd Rune Stalheim