Førsteamanuensis/førstelektor i høgskulepedagogikk

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig en fast stilling i 100%  som førsteamanuensis/førstelektor ved Avdeling for utvikling av læring og undervisning

Stillinga inngår i einingas kjernestab og vil ha kontor ved eit av våre fem campus i Bergen, Stord, Haugesund, Sogndal eller Førde. Det må påreknast noko reising.

Fagområdet for stillinga er universitets- og høgskulepedagogikk. Dette vil mellom anna innebere ulike aktivitetar knytt til nytt meritterings- og kvalifiseringssystem, systematisk arbeid med utdanningskvalitet og strategiske søknadar m.a. i samband med utlysning av status som Senter for framifrå undervisning (SFU). Den som vert tilsett vil både undervise, rettleie og forske innanfor fagområdet

Les meir her